Uttalelse fra IKFFs landsmøte 2018
Kor blir det av kritikken Norge burde retta mot Tyrkia? Vår “våpenbror” har bomba den kurdiske enklaven Afrin sidan 20. januar, og meiner no å ha “full kontroll” over byen i nord-Syria! Men verken Nato eller den norske regjeringa har kritisert dette. Nato-landet Tyrkia må få tydeleg melding om kva lidingar dei påfører sivile, både barn og vaksne.
Tyrkia har sendt inn både bombefly og bakkestyrkar mot Afrin. Målet er nok å nedkjempa den kurdiske militsen, YPG /YPJ. Erdogan er redd samarbeidet mellom desse og PKK-geriljaen i Tyrkia, som kjemper for kurdisk sjølvstyre i Tyrkia. Erdogan meldte 18.mars å ha tatt «full kontroll» over byen. Angrepa påfører sivile i og omkring Afrin enorme traume og lidingar. No har nye innbyggjarar flykta sørover. NTB meldte søndag om 200 000. Dette gjeld både Afrins eigne innbyggjarar, og dei mange sivile som flykta hit under krigen mot IS. Afrin var skåna for krigshandlingar før Tyrkias angrep.
Saman med andre Nato-land har Norge innført sanksjonar mot Russland for det som har skjedd i Ukraina og på Krim. Grunngjevinga er at Russland har brote Folkeretten. Men når våre allierte i Nato eller andre “vener” bryt Folkeretten, er det heller stilt. Tyrkias angrep i Syria er eit klart brot på Folkeretten, liksom Saudi-Arabias krigføring i Jemen. Tyrkia er medlem av Nato og altså vår allierte. Norge bør derfor ikkje stillteiande godta Tyrkias angrep i Syria, men gje klar beskjed om at det er uakseptabelt.