Uttalelse fra IKFFs landsmøte 2018

Landsmøtet i WILPF Norge/IKFF er uroleg over dei endringane me nå ser i forsvarspolitikken. Me oppfordrar media, den 4.statsmakt, til å bruka meir tid og ressursar til å orientera det norske folket om dette! Samstundes ber me politikarar gjera sitt for å la Stortinget debattera sikkerheit og forsvarspolitikk!

Rygge. NRK P2 hadde  20. des 2017 ei kort melding om eit møte som skulle haldast bak lukka dører i den utvida utanriks-og forsvarskomiteen. USAs planar for Rygge flystasjon skulle drøftast. 10,3 millionar dollar står alt på budsjettet for Kongressen. Rygge skal tena som depot og vedlikehaldsbase for F-35flya, kanskje ikkje bare for dei norske, men for alle europeiske F-35-fly. Datasystema på desse flya kan rapportera direkte til USA, liksom radarstsjonen i Vardø, som nå blir oppgradert.

Værnes. Sjefen for US Marines besøkte nyleg dei amerikanske soldatane på Værnes . Han informerte dei om at ein storkrig kan ventast, og at dei 300 soldatane kan supplerast med 3000 fleire over natta, – om hødvendig. Ingen kommetar frå Forsvarsdept, sidan det var tale om eit “internt, alliert møte.” NRKs Anders Magnus tok dette opp under Erna Solbergs besøk i Washington, men han fekk  ikkje  noko svar. Det amerikanske forsvaret omtalar Værnes som muleg europeisk hovudbase, medan den norske regjeringa talar om “rotasjonsstyrke”.

Tidlegare forsvarspolitikk. Under “den kalde krigen”var Gerhardsens “base-erklæring” eit kjernepunkt i forsvarspolitikken.   For ikkje å provosera Sovjetunionen ville ikkje Norge tillata utanlandske basar eller a-våpen på norsk jord i fredstid. Kvifor endra dette nå- og utan debatt? I hundrevis av år har det vore handel og anna fredeleg samkvem mellom Norge og Russland. Kvifor setja dette gode naboskapet i fare? Regjeringa må jo rekna med negativ reaksjon frå Russland når me lar amerikanske soldatar koma stadig nærare Russland.

Ny retning. Norge er ein god kunde hos amerikanske våpenprodusentar, og vår eigen våpenindustri er tett samanvevd med den amerikanske. Dele-produksjon, og dermed mange arbeidsplassar, vart brukt som argument av forsvarsministeren for å kjøpa F-35-fly. Bare Storbritannia har bestilt fleire F-35 enn Norge, som har bestilt 52- til ein pris på over 270 milliardar kroner. Natos militærutgifter er 14 gonger større enn  Russlands. USA aleine bruker 8 gonger meir, men likevel manar Trump  sine allierte til å rusta opp. “Det militær-industrielle kompleks” (Eisenhowers advarsel ), treng framleis fiendar å peika på. Derfor blir me skræmde med at Russland kan “ta oss”. Hendingane på Krim viste nemleg at Russland er aggressivt, heiter det.

Naboskapet vårt  til Russland gjer Norge interessant for USA, som driv overvaking herfrå  Men er me tente med å vera ei brikke i USAs globale maktspel? Det ser ut som norsk territorium kan bli ein stad for ein evt. konfrontasjon mellom  USA og Russland. USA har ei statsgjeld på 210 billionar dollar. Med den svekka økonomisk posisjonen i verda, kan USA kanskje lettare ty til militære verkemiddel, – særleg med Trump som øvstkommanderande.

 

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *