Forbod mot atomvåpen
By WILPF Norway On · Add Comment
26. september var FNs dag for total avskaffing av atomvåpen. Men atom-maktene «moderniserer» a-våpna sine. Dei katastrofale konsekvensane av atom-bombene over Hiroshima og Nagasaki for 75 år sidan er godt kjende. Mindre kjent er det at at ein russisk offiser og forskar den
26. september 1983 truleg avverga ein atom-krig mellom USA og Sovjet. Stanislav Petrov var på vakt då varslingssystemet viste at fem amerikanske missilar var på veg.
Men «magekjensla» sa han at noko ikkje stemde, så han fylgde ikkje prosedyren om å melda frå vidare. Godt var det, for i ettertid viste det seg at ingen rakettar var på veg.
Det var sollys reflektert i eit skylag som hadde «tukla»med varslingssystemet.
SIPRI, Fredsforskingsinstituttet i Stockholm, gir kvart år ut ein rapport om verdas våpen-arsenal og -handel. Årets rapport uttrykker bekymring når det gjeld a-våpen, både p.g.a den geopolitiske spenninga og p.g.a manglande tiltak for overvaking og for å hindra spreiing.
Talet på atom-stridshovud har gått litt ned dei siste åra, men mest fordi USA og Russland har fjerna gamle og «pensjonerte» våpen. SIPRI har berekna at det totalt finst 13 400 a-våpen i dag. USA og Russland står for 90% av desse. 3720 er utplasserte med operative militærstyrkar, og 1800 er i «high alert», altså klare til bruk. Det er svært bekymringsfullt at både USA og Russland, pluss dei syv andre a-våpenstatane satsar på fornying av a-våpna og «infrastrukturen» som trengst. Dessutan har
a-våpen fått ei viktigare rolle i dei militære doktrinane og planane. Kontrasten er stor til tida etter «Den kalde krigen». Då var målet ei gradvis marginalisering av atomvåpna.
Liten vilje til forhandlingar om nedrusting. Avtalen frå 1987 om reduksjon av kort- og mellomdistanse-rakettar har kollapsa. Den nye START-avtalen frå 2010, som gjeld strategiske a-våpen, vil gå ut i 2021, viss ikkje USA og Russland blir einige om forlenging. Så langt har ikkje forhandlingar ført fram. I tillegg kom det i mai fram at USA vurderer å gjenoppta prøvesprengingane, som tok slutt med for 28 år sidan.
I 2017 vedtok FNs Generalforsamling TPNW, ein traktat som forbyr atom-våpen. 122 land støtta avtalen, og året etter fekk ICAN Nobels Fredspris. ICAN er den internasjonale kampanjen for å forby atom-våpen. I dag har 44 statar ratifisert avtalen. Det trengst 50 for at traktaten skal bli internasjonal lov.
I 1982 starta Hiroshima-ordføraren «Ordførere for fred», eit internasjonalt nettverk av kommunar som oppfordrar til forbod mot atom-våpen ICAN gjer det same med sin «Cities Appeal». 25 norske kommunar, med over 2 millionar innbyggarar, har slutta seg til . Fleire bør gjera det same og slik påverka regjeringa.
Norge må slutta seg til FN-traktaten som forbyr atom-våpen!
For Sandnes IKFF, Internasjonal kvinneliga for fred og frihet,
Ingegerd Austbø
Innlegget sto i Dag og tid 18. september
Tagged with → atomvåpenforbud