IKFF landsmøte-uttalelse 2021  –   Ingegerd Austbø

WILPF/IKFF, Internasjonal kvinneliga for fred og frihet meiner at ein må arbeida for å løysa konfliktar med fredelege middel. Krigar skaper fleire problem enn dei løyser, og dei går alltid ut over uskuldige.

I århundre har det vore fredeleg sameksistens og samarbeid mellom folk i grenseområda i nord. På statleg nivå har Russland og Norge i fleire år samarbeidd godt om fiskeressursane i nord. Det er viktig å føra vidare det fredelege samarbeidet. IKFF arrangerte såleis eit seminar i 2020 under mottoet «Naboer som venner, ikke fiender», og har planar om eit nytt seminar i 2021.

I kontrast til dette foregår det i dag ei storstila  militær opptrapping i nord. Det er uttrykk for den sterke rivaliseringa mellom USA og Russland, som viser liten vilje til å ta i bruk fredelege middel. Som NATO-medlem blir Norge drege med i dette. Militære skip og fly frå NATO har operert nær Kola-halvøya, som er militært svært viktig for Russland. Norske F-16 og F-35-fly har eskortert amerikanske bombefly på tokt over Barentshavet, og den norske fregatten Thor Heyerdal har eskortert US Ross inn i russisk økonomisk sone. Tilsvarande har Russland hatt militærøvingar langt vest, utanfor norske-kysten. Situasjonen er svært spent. Når skip og fly frå dei to motpartane operere så nær kvarandre, kan det fort oppstå farlege situasjonar, som kan vera vanskelege å handtera fornuftig.

Tormod Heier, oberstløytnant og professor ved Forsvarets Høyskole har i mange artiklar, intervju og avisinnlegg advart mot denne utviklinga, og han har oppfordra til å arbeida for å skapa tillit og avspenning. Han er ikkje aleine om bekymringa.

 Ståle Ulriksen, forskar ved sjøkrigsskulen er redd for at me er komne inn i ein farleg spiral. «For hvert grep vi tar for å føle oss trygge, vil russerne føle seg mindre trygge, og omvendt», seier han (NRK Nord-Norge, 21/2) Ein annan som også uttrykkjer sterk uro over utviklinga, er Oddmund Hammerstad, tidlegare statssekretær (H) i Forsvarsdepartementet. I ein artikkel i ND nordnorsk debatt  under overskrifta «Hvor ble det av diplomatiet?» skriv han om forsvarspolitikk, omlegginga av det norske forsvaret og om den aukande spenninga i nord. Han fryktar at det heile kan koma ut av kontroll. Eskaleringa  kan få «sin egen dynamiske logikk», skriv han. Det kan enda med at dei involverte partane ikkje lenger respekterer internasjonale reglar og militær «code of conduct».

Desse tre veit kva dei snakkar om. For å unngå at det verste skjer, må styresmaktene, spesielt Regjeringa, lytta til dei og arbeid for å få  NATO-landa til å satsa stort på diplomatiet så forhandlingar kan «snu skuta».

Ingegerd Austbø

 

 

 

 

 

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *