Anmeldelse av Ny tid sitt bilag «Fredsnasjonen»

Av Ingegerd Austbø

Eit 32 siders vedlegg til Ny Tid i juni har tittelen «Fredsnasjonen». Redaktør for vedlegget er Alexander Harang, og Inger Hovstein Kviseth er assisterande redaktør. Desse to har også skrive mange av artiklane. Målet med «Fredsnasjonen» er folkeopplysning og å bidra til eit fornya og konstruktivt fredspolitisk ordskifte. Alt stoffet kan ikkje behandlast grundig her. Mest vekt er det nok på saker eg sjølv merka meg spesielt. M.a. Fredsprisen og parti-programma burde fått grundigare omtale.

Fleire artiklar tek for seg norsk våpeneksport. I 2005 erklærte statsminister Kjell Magne Bondevik Norge som «fredsnasjon». Men i 2020 kom Norge på 17. plass på Global Peace Index p.g.a. stor våpeneksport. Etter krigen var norsk våpenindustri innretta mot det norske militæret, men frå og med 1990-talet og globaliseringa er vår våpenindustri blitt internasjonal og integrert med andre lands industri. I dag får norsk våpenindustri 75% av inntektene frå eksport.

Me får ofte høyra at Norge har verdas strengaste reglar for våpeneksport. Men det viser seg at reglane slett ikkje blir følgde alltid. Såleis har Riksrevisjonen kome med skarp kritikk mot tolletaten og PST, men spesielt mot UD, som gir lisens til våpeneksport. Aftenposten har avslørt «tvilsam» eksport til Dei Arabiske Emirata.

Regjeringa la i mars 2021 fram ein ny strategi for våpenindustrien. Der blir det skissert eit opplegg for eit norsk «Militær-industrielt kompleks». Målet er tett samarbeid mellom forsvaret, våpenprodusentar og våpenutviklarar. Det blir peika på at våpenindustrien er viktig p.g.a. arbeidsplassane (5000 i Norge, 2000 i utlandet) og p.g.a. eksporten. Derfor vil regjeringa auka subsidieringa til denne industrien og arbeida meir effektivt for å auka eksporten.

«Verdens militære stormarked» er tittelen på ein artikkel om den globale våpenhandelen. Den byggjer på tal frå SIPRI, Fredsforskingsinstituttet i Stockholm. Sidan statane gjerne vil halda slike opplysningar hemmelege, er det vanskeleg å nå fram til heilt sikre tal. Men SIPRI har gjennom mange tiår opparbeidd seg stor tillit verda over når det gjeld dette, og det gir kvart år ut ein rapport om verdas våpenarsenal og -handel. Verda brukar ca. 16 000 milliardar kroner på militærvesenet. USA står for nesten 40% av våpeneksporten, og halvparten går til Midt-Austen. Av dette igjen går 24% til Saudi-Arabia, som er den største våpenimportøren. India er ein god nummer to. Kina står for ca. fem prosent av importen og eksporten.

Pressetalsperson for UD, Ragnhild Simenstad, blir intervjua. Ho legg vekt på Norges store engasjement og erfaring som tilretteleggar for fredsprosessar i ulike land. Men på spørsmål om kva UD gjer for å minka spenninga i nord, gir ho eit vagt svar. Ein faktaboks opplyser at fredsbygging ikkje lenger er del av NORADs strategi.

Forslaget til ny forsvarsavtale mellom Norge og USA blir i ulik grad tatt opp i fleire artiklar. Avtalen, som kritikarar gjerne kallar «base-avtalen», må vedtakast av Stortinget. Harang gjer greie for dei faktiske forholda, og han intervjuar Geir Hem i Stopp NATO. Han hevdar at avtalen inneber «reell suverenitetsavståelse», og at Norge i endå større grad blir underlagt dei militær-strategiske interessene til USA. Sjølv om dette er ein bilateral avtale, er her sterke koplingar til NATO, ved at NATO-reglar er tatt inn i avtalen. Stopp NATO er spesielt opptatt av NATO sin aggressivitet og den farlege moderniseringa av atomvåpna. Hem legg også stor vekt på militærets negative konsekvensar for klima og miljø.

I eit interessant intervju med Asle Toje uttrykker også han bekymring for at den norske basepolitikken er svekka. Toje er ein fritt-tenkande konservativ forskar og kommentator. Han er sterkt opptatt av nedrustingsspørsmål, spesielt atomvåpen. Folk på høgresida i politikken vart forskrekka då han sa ja til å vera med i Nei til atomvåpen sitt fagråd. Men Toje hevdar at spørsmål om nedrusting og fred bør vera heva over partiskilje. Det trengst ei sterkt folkeleg mobilisering mot atomvåpen, slik som for klima og miljø. Han snakkar om NATOs avtale om europeiske land skal ha fly som kan bera atomvåpen. Rapportar frå Bundestag tyder på at Tyskland nå vil kjøpa fly utan slik kapasitet. Dette vil i så fall bety at Tyskland ikkje lenger vil lagra atomvåpen, og Toje fryktar at USA vil leggja stort press på Norge for å overta denne oppgåva. Dei nye G-35- flya kan lett endrast slik at dei kan bera atomvåpen. Dessutan kan den nye baseavtalen føra til at USA utplasserer atomvåpen på norsk jord. Det er derfor viktig at Norge engasjerer seg i multilateralt nedrustingsarbeid, hevdar han.

«Fredsnasjonen» har ein fire-siders grundig gjennomgang av partiprogramma med fokus på fredspolitikk. AP og Høgre er – som vanleg – ganske einige. Begge vil auka forsvarsbudsjettet og sikra våpenindustrien. Høgre vil satsa på militær avskrekking i nord, mens AP kallar nordområda eit viktig «fredsprosjekt». FrP går lenger, er villig til å gå utanom forsvarsbudsjettet for å utvikla nye våpensystem. SP vil også styrka forsvarets kapasitet. KrF vil slutta seg til FNs forbod mot atomvåpen og ha moratorium mot droner. Venstre meiner Norge bør delta i militære intervensjonar, men kun med FN-mandat. Partiet vil styrka forsvaret slik NATO ber om. SV vil at Norge skal ut av NATO, avstå frå krigføring og verka som brubyggar, dessutan ha forbod mot a-våpen på norsk jord inn i Grunnlova. Rødt meiner Norge er blitt ein «krigsnasjon» underordna USA/NATO, og partiet går langt i antikrigsretorikk. Forsvaret må ha ei defensiv innretning og terskelen for å gå til krig må hevast. MDG identifiserer seg som «fredsparti» og legg vekt på prinsippet om ikkjevald. Viktige punkt er nedrusting, kontroll av våpeneksport, og auka bruk av sivil konflikthandtering. Partiet har god fredspolitikk, men er for norsk NATO-medlemskap.

Etter gjennomgangen av partiprogramma kjem  ei drøfting av sjansane for at Norge vil slutta seg til TPNW (Treaty on the Prohibition of Nuclear Weapons), FNs atomvåpenforbod, etter stortingsvalet. I eit intervju seier Tuva Widskjold frå ICAN (Den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen) at ei slik tilslutning er viktig for andre NATO-land, og at det ikkje er nokon juridiske motsetningar mellom NATO-medlemskap og tilslutning til TPNW.

Ein artikkel gjer greie for FNS  Tryggingsråd, samansetting og litt historikk, og i ein noko lengre artikkel drøftar Harang og Hovstein Kviseth kva saker Norge kan og bør arbeida for dei to åra me er medlem der. 

Her er også informasjon om fredsforsking. Det blir peika på at det er ikkje bare snakk om fredsforsking, men også bidrag til fredsbygging. Til slutt presenterer avisa programma til ulike fredsorganisasjonar. 

Lenke til vedlegget i Ny Tid: https://www.nytid.no/kategori/fredsnasjonen/.

Artikkelen kan lastes ned som pdf her:

FREDSNASJONEN

Tagged with →  
Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *