26.september er FN’s internasjonale dag for total avskaffing av atomvåpen. Under overskrifta ‘ Tromsø mot atomvåpen’ vart denne dagen markert med fleire arrangement (22.09-25.09). Ansvarleg for opplegget i Tromsø var ICAN, Nei til atomvåpen, IKFF og stiftinga Peacepainting.

‘Atomvåpen og sikkerhet i nord’ var overskrifta på møtet i biblioteket i Tromsø (240922). Der vart det sett søkelys på baseavtalar, fredsarbeid og nedrustning. Det var innlegg frå Håkon Elvenes, Jon Hellesnes, Ingeborg Breines og Randi Rønning Balsvik. Med i panelsamtalen var Reidar Høifødt, Stig Lægdene og Isak Jakobsen.

Kan bli bombemål

Håkon Elvenes, leiar i Aksjonen Nei til atomdrevne militærfartøyer (NAM), vektla i sitt innlegg at atomubåthamn i Tromsø undegrev prinsippet om at det ikkje skal vere atomvåpen på norsk jord i fredstid. Ingen ekspertar kunne i 2021 seie med sikkerhet om allierte angreps-ubåtar på Tønsnes førte atomvåpen.

– Kva ekspertane seier no, veit ikkje vi, men etter Russland sin avskyelege invasjon i Ukraina (240222) og Putins «atomvåpenrasling», trur vi at det ofte er atomubåtar (reaktordrevne ubåter) både fra aust og vest med atomvåpen utanfor norskekysten.

Håkon Elvenes vektla at om det skjer ei opptrapping i krigen i Ukraina, vil ei atomubåthamn i Tromsø kunne bli eit mål for terror, sabotasje og bombing, og sa det vil ha store konsekvensar for folk i Tromsø, og for alle i  Nord-Noreg. Aksjonen Nei til atomdrevne militærfartøyer (NAM) arbeider for å få slutt på at Tromsø blir brukt som atomubåthavn.  Lenke til foredraget:

TI GODE GRUNNER til å arbeide mot at Tromsø skal ha ATOMUBÅTHAVN HElvenes

Har mista suverenitet

-Dei basane USA har skaffa seg på norsk territorium i tillegg til logistikk-hamna for reaktordrivne kampubåtar ved Tønsnes nær Tromsø sentrum, blir krigsviktige, straks ein væpna konflikt mellom Russland og NATO bryt ut ein eller annan stad. Basane ligg til rette for å krige mot Kolahalvøya og den russiske Nordflåten. Suvereniteten over eigen utanriks- og militærpolitikk, som Norge oppnådde i 1905, er sterkt redusert gjennom aksepten av den såkalla tilleggsavtalen, Suplementary Defence Cooperation Agreement (SDCA).

 Jon Hellesnes sa at fleirtalsvedtaket i Stortinget (juni 2022) bind Norge endå fastare i den asymmetriske militæralliansen som NATO er . – Korleis vi norske statsborgarar kan kome oss ut av denne rottefella, kviler enno i eit mørkt mysterium. Men dersom det kan finnast ein metode til gjenvinning av sjølvråderett, inkluderer metoden sannsynlegvis såkalla utanom-parlamentarisk aktivitet. Lenke til foredraget:

DEN NYE TENKEMÅTEN OG «OMFORENTE OMRÅDER» Jon Hellesnes

Nødvendig å snakke om fred

-Det er ekstra vanskeleg å snakke om fred i krigstid, men det er nødvendig.  Om våpen hadde ført til fred, ville vi hatt fred for lenge sidan, sa Ingeborg Breines. Ho tok fram statistikk frå  SIPRI (Stockholm International Peace Research) som viser at verda i dag brukar 20000 milliardar kroner til militære formål kvart år. Det tilsvarar over 600 gonger FN sitt årlege budsjett. Rundt 10 prosent ville vore nok til å gjennomføre FN’s bærekraftsmål som alle land i verda er blitt samde om. Ressursane frå åtte dagar av det militære forbruket ville vore nok til å gje alle barn i verda 12-årig gratis kvalitetsutdanning.

– Få har kunnskap om dei muligheter som ligg i ikkje-valdeleg-sivil motstand, og enno færre kjenner til forskingnsresultat som viser at ikkje-valdeleg motstand er dobbel så verknadsfull som valdeleg motstand. Breines viste til studien Why civil resistance works av Erica Chenoweth/Maria Stephan (2012,  Columbia University). Den viser  at i perioden 1900 – 2006 var ikkjevaldeleg motstandskamp vellukka i 53 prosent, mens berre 26 prosent lukkast der ein tillet bruk av vald. Forskarne understrekar at aksjonar som var drivne lokalt fungerte betre enn dei som vart drivne utanfra, og når kvinner var med i fredsprosessene vart løysningane meir varige( lenke til innlegget For å skape fred må vi ruste ned). Lenke til foredraget:  For å skape fred må vi ruste ned

Løyse konfliktar utan bruk av vald

Finst det andre middel for fred enn våpen og krig? Randi Rønning Balsvik tok fram nokre hovudpunkt i Johan Galtungs arbeid. Saman med kollegaer ved Universitetet i Tromsø har ho foreslått Galtung som kandidat for Nobels fredspris.

Randi Rønning Balsvik vektla at det Ghandi stod for, er kjernen i Galtungs arbeid. Konfliktar må løysast  utan bruk av valdelege middel. Gandhi organiserte store demonstrasjonar og protestaksjonar mot det britiske kolonistyret. Han skapte nye omgrep for verdenshistoria som «civil disobedience» sivil ulydnad. Dei som aksjonerte måtte ta si straff ut frå  kolonimakta si gjeldane lovgjeving.

Randi Rønning Balsvik framheva Galtungs motstand mot blokkpolitikk, store blokker fremjar militarisering og kapprustning, og fiendebilete er naudsynt for denne type verdensorden.

– Gandhi fikk aldri Nobels fredspris, ein feil som vart erkjent igjen og igjen av historikaren Geir Lundestad, tidlegare sekretær ved Nobelinstituttet, sa Balsvik, og la til ‘ Vil unnlatelsen i forhold til Johan Galtung hefte ved Nobelinstituttet i framtida?’ Lenke til foredraget:  Om Johan Galtungs arbeid for fred Randi Rønning Balsvik 

Av Audgunn Oltedal

 

 

Tagged with →  
Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *