I samarbeid med Åseral bibliotek og Åseral husflidslag inviterer IKFF til opning av utstillinga 21. september 2024 på Minne Kultursenter kl 12- 14.
Utstillinga Fredspropaganda omfattar 40 plakatar frå tidsperioden 1914-2021, og gjer oss eit
innblikk i fredsarbeid som er gjort i Noreg av ulike organisasjonar og politiske parti. Utstillinga er
laga av Hilde Solberg, leiar av IKFF i Stavanger. Utstillinga vart opna i Stavanger, og har vore vist i
Trondheim, Hamar, Bergen, Sandnes Suldal, Grimstad, Kristiansand, og Bodø.
Foreløpig program for opninga:
- Velkommen ved leiar av IKFF Indre Agder Kristine Tøsse
- Om utstillinga ved Hilde Solberg
- Innlegg ved FN sambandet sør Knut Straume
- Innlegg ved Aslak Storaker
Enkel servering
Arrangementet er gratis og for alle.
Velkommen.
Arrangør: IKFF i samarbeid med Åseral bibliotek og Åseral husflidslag.