
Intervju med månadens fredsminister Torill Heilevang april ’25
- Kva viktige oppgåver er på gang i fredsdepartementet for tida?
– Vi har forlangt at eventuelle krigshandlingar må konsekvens-utgreiast Heretter må ei eventuell deltaking i krig/ krigsutøving eller væpna konflikt underleggast ei offentleg konsekvensutgreiing. Den skal ha ei oppstilling over mogelege alternative bruk av middel for fredsbygging med ikkje-valdelege middel – i eit kortidsperspektiv og på lang sikt. Dei verkelege kostnadene for eit eventuelt engasjement i ein militæroperasjon eller krig må komme på bordet.
- De vil synleggjera for politikarane kva eit samfunn/ ein nasjon tapar på krig?
– Nettopp. Vi har forskrifter for konsekvensutgreiingar. ‘Formålet er å sikre at omsynet til miljø og samfunn blir tatt med under førebuing av planer og tiltak. Krig er berre tap for eit samfunn, tap av menneskeliv, dårleg for klimaet, for tilgang på mat, forureining, for drikkevatn m.m.m. Alle taper på det, med unntak av våpenprodusentane.
- Og alternativet er…?
– Fredsbygging. Fredsskapande arbeid er å fordele godene blant folk; alle må ha nok mat og tak over hovudet, skolegang og utdanning, ei kjensle av å ha ei stemme i samfunnet dei er ein del av, tryggleik i kvardagen. Pengar til dette kan vi ta frå rustningsindustrien.
- Kan Noreg gjera dette aleine?
Vi vil òg styrkje FN og arbeide for at stormaktene ikkje lenger har vetorett der, at fleirtalet får det avgjerande ordet. Noreg må støtte arbeidet med å flytte makta frå sikkerheitsrådet til generalforsamlinga. På eit vis er dette på gang allereie: medlemsland har fleire gangar tatt til ordet for å fjerne vetoretten, eller for eit moratorium, ei tidsgrensa oppheving. Så langt må land som bruker vetoretten leggje fram deira sak for generalforsamlinga.
Kan lasts ned som pdf her:
Fredsministerens hjørne_2Torill Heilevang
|