Krig skaper flyktningar. Ved inngangen til 2021 var det 82.4 millionar flyktningar i verda.

Tre veker etter at Russland gjekk til krig mot Ukraina 24. februar melder FNs flyktnigsorganisasjon UNHCR at meir enn tre millionar menneske har flykta. Ein million av dei som er på flukt er barn, melder media. Det endelege talet på flyktningar frå Ukraina veit ingen i dag. Men det vi ser og opplever er at Ukraina sine granneland, og også Noreg, møter dei som flyktar med hjelp og hjartevarme. Norske kommunar, organisasjonar og enkeltpersonar fylgjer opp. Vi ser ein stor innsats for å skaffe bolig, arbeid, skuleplass, barnehageplass og helsehjelp.  Landa i Europa fylgjer oppfordringane som kjem frå UNHCR. 

Retten til å søke asyl er ein grunnleggjande menneskerett. Håpet er at Noreg og andre land skal behandle alle flyktninger like godt som vi tek i mot  flyktningane frå Ukraina. Vi kan ikkje avgrense vår empati til dei som er like oss og bur nær oss. Vi må aktivt arbeide for å halde oppe ein solidaritet som femnar vidt. Til grunn for asyl-og flyktningpolitikken treng vi ein humanisme som er upartisk. Vi må sjå med nytt og kritisk blikk på dei lover og det regelverk Noreg har på dette området. IKFF vil oppfordre politikarar på Stortinget til å gjere endringar i rådande asyl-og flyktningpolitikk, og starte der skoen trykker aller mest:

  • Gje lengeverande ureturnerbare asylsøkarar varig opphald. Til det skjer gje dei elementære menneskerettar som vanleg helsehjelp og rett til å arbeide.
  • Betre rettstryggleiken i asylsaker. 
  • Redusere bruken av begrensa opphaldsløyve.
  • Gjere familiegjenforening for flyktningar enklare og billegare
  • Ta i mot fleire flyktningar som sit i leirar i Hellas.
  • Verne asylretten. Hindre at mennesker på flukt druknar, opplever å bli pressa tilbake eller endar i umenneskelege forhold i leirar i Libya.
  • Fylgje FN sine tolkingar og tilrådingar når det gjeld Flyktningkonvensjonen

IKFFs landsmøte 3. april 2022.   Audgunn Oltedal / Redaksjonskomiteen

 

 

 

Tagged with →  
Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *