KVEKARANE I NOREG FEIRER 200 ÅRS JUBILEUM
«Det indre lys brenn aldri ned» var minneorda som blei sagt då kvekar Rakel Lapin gjekk bort, frå diktaren/poeten Martin Nag. Diktarorda er og ei hylling til kvekartrua, som står sentralt i kvekarsamfunnet: «Det indre lys»!
«Noe av Gud» i heile skaparverket. Grunnmuren ligg pasifismen, og kvekar-nei til militarisme. «Vi har ingen fiende» fortel de frimodig. Dei nektar konsekvent å drepe, og å gå i krig. Kvekarsamfunnet i Noreg har i året 2015, 200 års jubileum. Dei feirar det i alle kontinent, lokalt og internasjonalt. Tidsskriftet «Kvekeren», oppretta i 1937, er like gammalt som IKFF sitt tidsskrift; «fred og frihet», og står sentralt i fredshistorisk samanhang.
GRATULERER MED JUBILEET!
Takk for at kvekarane løfta fram ei fredsrørsle
og fredsarbeidet i verda,
blant anna Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet.
Hjarteleg takk!
Johanne Skog Gripsrud, æresmedlem og medlem av Sandnes avd. av IKFF