Tekst: Audgunn Oltedal

Utan at vi skaper fred, får vi inga utvikling, skal vi få til utvikling, må vi skape fred. Men verda er dårleg på fredsundervisning, difor må opplæring i fredskultur og ikkje–valdeleg konfliktløysing inn i FNs bærekraftsmål om god utdanning.

Ingeborg Breines

Det seier Ingeborg Breines. Ho har i mangne år arbeidd med spørsmål om bærekraft og fred m.a. i UNESCO og i  International Peace Bureau. Ho representerer Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF) i styret for Forum for Miljø og Utvikling (ForuUM). Saman med Global Campaing for Education – Norge (GCE) har ForUM nyleg  gitt innspel til regjeringa om korleis Noreg kan jobbe for å sikre rettferdig og god utdanning for alle.

Dette innspelet har utviklingsminister Dag Inge Ulstein med når han i juli dreg til møte i High level Forum on Susteinable Development i New York. Her skal medlemslanda i FN gå gjennom status for m.a. FNs bærekraftsmål om utdanning. Saman med statsleiarar verda over har Noreg lova at alle skal få lære av gratis, inkluderande kvalitetsutdanning innan 2030, men held utviklinga fram som no, vil det gå minst 70 år før dette målet vert nådd. I dag har over 90 prosent av alle barn  tilgang til grunnskule, likevel manglar over halvpartren av dei grunnleggjande kunnskapar i det å rekne, lese og skrive. Dei mest sårbare fell utanom; barn som er funskjonshemma, barn frå minoritetar, barn som manglar omsorgspersonar, barn som har fattige foreldre, jenter, barn og unge som er ramma av krise og konflikt. 

Gratis offentleg kvalitet

– Kva er viktig å få gjennomslag for frå norsk side når FN no skal gå gjennom status for FN’s bærekraftsmål om utdanning?

– Eg brukar ikkje skryte av den sitjande regjeringa akkurat, men ein ting er bra; statsminister Erna Solberg sitt sterke fokus på retten til utdanning. Ho er særleg oppteken av utdanning for jenter. I dag sit den norske statsministeren som ei av dei fremste internasjonale rådgjevarar i spørsmål om kva som bør gjerast for å nå FN’s bærekraftsmål om utdanning. Gjennom dette  arbeidet kan ho kjempe for gjennomslag for utdanningsmål som er sentrale i vårt samfunn; for ein god offentleg skule som er gratis, som har god kvalitet og som vektlegg inkludering. Dette er ikkje trenden internasjonalt i dag, her blir kommersiell skulebygging og   verdsbankens vekt på utbygging av privatskular stadig sterkare. Det ville vore betre å styrke utdanningssystema i landa gjennom UNESCO, FN sin særorganisasjon for utdanning. UNESCO har lang erfaring og humanistisk kompetanse på feltet.

– De seier i punkt 4.7 at for å få til ei bærekraftig utvikling, må elevar få opplæring i ein freds – og ikkjevaldskultur. Kvifor er dette sentralt i innspelet frå Forum og GCE ?

– Det er utruleg viktig å få dette med i konkretiseringa av FN’s bærekraftsmål om utdanning. Eg har brukt mykje tid i gruppa på å argumentere for og gje grunnar for kvifor dette er viktig.

– Kvifor måtte du bruke tid på å få gjennomslag for at opplæring i fredskultur er viktig?

– Fordi dette ikkje lenger er ein del av det som er dominerande tenking om læring. Vekta i utdanningspolitikken i dag ser ut til å liggje på å utvikle reiskapar for å lære å rekne, lese og skrive og bli flinke til dette. Då UNESCO la fram sitt mål for utdanning i det 21.århundret, brukte dei ord som ‘lære å vere, lære å gjere, lære å lære og lære å leve saman’. Å lære å leve saman vart forstått som like viktig som det å drive alfabetisering. Utan at vi skaper fred, får vi inga utvikling, skal vi få til utvikling, må vi skape fred. Dette er grunnlaget for ei berekraftig utvikling. Det er det same kvinner har sagt frå den fyrste kvinnekonferansen i Mexico: likestilling, utvikling og fred. Her ligg ei heilskapleg tilnærming til kva som må gjerast for å få til ei bærekraftig utvikling. God  utdanning betyr opplæring i fredskultur  og ikkje-valdeleg konfliktløysing. Punkt 4.7 er for meg innhaldet i det eg forstår med bærekraftig utvikling her vinkla mot utdanning.

Måle fredskultur

Ingeborg Breines seier at skal dei måla som er sett opp i 4.7 få gjennomslag, må det utviklast eit skikkeleg rapporteringssystem.

– Men kan det lagast rapporteringssystem som måler kva det er å utvikle ein fredskultur?

– Mange vil seie at omgrep som freds – og ikkje valdeskultur ikkje let seg måle, at ein ikkje kan lage statistikk på kva som er oppnådd her. Men ein kan i det minste rapportere på om skulen gjer noko for å lære elevane å handere konfliktar på ein ikkje-valdeleg- måte, og ein kan rapportere på kva skulen lærer barn om krig. Om dei har lært, vil vise seg seinare i korleis dette samfunnet taklar problem og vanskar. 

Innspelet til regjeringa frå Forum og GCE omfattar tre punkt; innhaldet i undervisninga, tiltak for å få til inkluderande utdanning og tiltak for å finansiere utdanninga. Det vert m.a. vist til at mange land strevar med å prioritere utdanning i budsjetta i tråd med FN’paktas paragraf 26 om at land bør redusere sine militærutgifter for å kunne møte folks behov for ‘ utdanning, helse og velvære’.

FN er viktig

Ingeborg Breines er opptatt av FNs rolle. Ho seier det har skjedd ei endring i FN der meir vekt på krisehjelp har ført til ei svekking av særorganisasjonane i FN.

 – Men FN er viktig. Og arbeidet i særorganisasjonane er viktig for at FN’s 17 bærekraftsmål skal bli gjennomført.

Vel vi å vere likegyldige til FN, vil dei kommersielle kreftene overta og bestemme kva som skjer i det internasjonale samarbeidet.

 


GOD UTDANNING 

INNSPILL 1/6 2019 GOD UTVIKLING KREVER GOD UTDANNING

4.7) Innen 2030 sikre at alle elever og studenter tilegner seg den kompetanse som er nødvendig for å fremme bærekraftig utvikling, blant annet gjennom utdanning for bærekraftig utvikling og livsstil, menneskerettigheter, likestilling, fremme av en freds- og en ikkevoldskultur, globalt borgerskap og verdsetting av kulturelt mangfold og kulturens bidrag til bærekraftig utvikling.

https://hioa365-my.sharepoint.com/:b:/g/personal/audgunn_oslomet_no/EVgJ3A0UURBJlkTQaXQWwCQBFzp4UUxWDXg3uVPLXlMVMg?e=APt2uG

Global Campaing for Education – Norge er et nettverk av sytten organisasjoner som arbeider for å fremme utdanning for utvikling. GCE legger til grunn at utdanning er en universell menneskerett, og nøkkelen til demokrati og deltakelse, inkluderende vekst, rettferdig fordeling og en bærekraftig utvikling. https://www.utdanningsforbundet.no/om-utdanningsforbundet/internasjonalt/global-campaign-for-education-gce/

Forum for utvikling og miljø (ForUM) omfattar rundtrundt 50 norske organisasjonar  Det er eit religiøst og partipolitisk uavhengig nettverk som har kunnskap om og utviklar politikk innan felta miljø, utvikling, fred og menneskerettar. https://www.forumfor.no/

 

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *