WILPF Norge gleder seg over Nobelprisen i litteratur går til Svetlana Aleksijevitsj.

Nå er det under et døgn til vi får vite hvem som vil motta årets Fredspris, spenningen er å ta og føle på i det som kan kalles «norsk fredsmiljø». Med Nobelprisen i litteratur til en så markant kvinnestemme er det i alle fall noe å glede seg over. Her er hva vi trykket i Fred og frihet nr. 4 2014:

Svetlana_forside_bok

Svetlana Aleksijevitsj
av Eva Fidjestøl

Endeleg kjem fleire av bøkene til Svetlana Aleksijevitsj på norsk. Våren 2014 kom først Bøn for Tsjernobyl på Solum forlag og så «Krigen har intet kvinnelig ansikt» på Kagge og neste år skal det komme ei til. Ho var i år sjølv til stades både på Litteraturfestivalen på Lillehammer og på Sakprosa­dagane på Litteraturhuset i Oslo for å snakke om bøkene sine. Det var som alltid ei sterk oppleving å møte henne. Svetlana er kviterus­sisk journalist og forfattar som har gjeve ut omkring 20 bøker som er omsette til meir enn 20 språk, og namnet hennar er knytt til mange dokumentarfilmar og teaterstykke. Ho blir omtala som ein av dei vikti­gaste forfattarane i vår tid, har fått ei rekke prisar og er foreslått til Nobelprisen i litteratur. Men i Nor­ge er ho lite kjend.

Eg opplevde boka hennar Bøn for Tsjernobyl som skodespel på ein ungdomskonferanse (sponsa av norsk UD) i Minsk i 2000. Eg hadde lese boka på tysk og det vart ei sterk oppleving, sjølv om det vart spela på russisk. Tenk om dette stykket kunne settast opp på ei norsk sene i 2016 ved 30 års markering for Tsjernobylulukka?

Svetlana starta som journalist og i 35 år reiste ho omkring i det gamle Sovjetsamveldet og snakka med folk. Ho snakka med fleire tusen menneske frå fleire gene­rasjonar og bak kvar bok ligg det intervju med hundrevis. Ho gjorde mange djupintervju med opptak og oppsøkte same person fleire gonger. I «Krigen har intet kvinnelig ansikt» handlar det om kvinnene i sovjethæren i den andre verds­krigen. Det var ein million av dei, men etterpå spurde ingen kva dei hadde opplevd, før Svetlana tok til å interessere seg for dei på 1970 talet. Krigen var historia om heltar og store sigrar, ikkje om blod, snørr og tårer og slett ikkje om kvinnene. Mennene stal sigeren frå kvinnene og kvinnene skjulte den militære fortida. Det var også lurt dersom dei ville gifte seg. Svetlana reflekterer over at stoffet kan endre seg når det bli silt gjennom hennar bevissthet og at kvinnene både kan legge til og skriv om. Men samstundes trur ho at smerte og liding snakkar sant og sjølv prøver ho å vere eit medi­um. Ho kallar bøkene sine vitnes­byrdromanar. Det handlar ikkje om å vere ein kunstnar som vil skape fantastisk kunst, men meir om å vere ein tilskodar som får vekk alt slagget, ideologiane og alle løgne­ne og lar lesaren møte det «nakne menneske på ei naken jord», slik ho sa det på Litteraturhuset.

Boka om krigen vart avslutta i 1983 men vart stansa av sensu­ren. Ein kritikar sa: «Ingen vil gå i krig etter å ha lese denne boka. Vi kan ikkje trykke slike bøker». Då Gorbatsjov kom til makta to år etter kom boka ut i Minsk og Moskva og vart seld i to millionar eksemplar.

Svetlana Aleksijevitsj flykta frå Kviterussland i 2000 og har budd som friby-forfattar i Paris, Gøte­borg og Berlin, men er no tilbake i Minsk. Ho har fått eit interna­sjonalt namn og føler seg trygg i heimlandet. Eg håpar at mange av dykk vil lese bøkene hennar og kanskje bruke dei som julegåver.

—————————————————–

Her er en det en side med flere av hennes titler.

Elisabeth Kristiansen
IKFF Oslo og Akershus

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *