Av: Ingegerd Austbø, IKFF Sandnes
8. januar la utanriks- og forsvarsministeren fram Libya-rapporten for Stortinget, men Stortinget i plenum fekk ikkje diskutera rapporten. Konklusjonen til ministrane var som venta; Norge gjorde ingenting gale då flya våre slapp 588 bomber over Libya. Rapporten til det britiske Parliament var meir kritisk. Der står at påstanden om eit venta folkemord i Bengazi bygde på feilinformasjon. (Jfr. løgnene om Husseins a-våpen før invasjonen av Irak.) Det var nettopp denne påstanden som var grunnen til Norges deltaking.
Måten Norge vedtok å delta på, var underleg, for å seia det mildt. Der var ikkje noko møte med grundig drøfting. Nokre sms-ar og telefonsamtalar var nok. Statsminister Stoltenberg må ta hovudansvaret for denne lemfeldige behandlinga. At han fekk vist seg som “den ivrigaste guten i klassen”, var nok ikkje noko minus då han søkte stillinga som generalsekretær i Nato.
Sjølv om Norge «ikkje gjorde noko gale» i Libya-krigen, har likevel forsvarsministeren lært noko viktig – nemleg at han treng tankfly, slik at bombeflya kan få påfyll i lufta. Han reknar altså med at Norge skal delta i fleire slike oppdrag. Men kvifor skal Norge delta i militære “operasjonar” i andre delar av verda? Me har vel ikkje imperialistiske ambisjonar? NATO var opphavleg ein forsvarsorganisasjon, men “Nye NATO”, med “Out of Area”-vedtaket endra organisasjonen. Nå verkar han i stor grad som Pentagons forlenga arm for å sikra USAs globale dominans.
Nå har me hatt store demonstrasjonar for vern om abortlova, mot bompengar, både for og imot ulv. Men kvar er engasjementet for viktige spørsmål som gjeld menneskas framtid, nemleg faren for klima- og miljø-katastrofe og faren verdas enorme våpenlager representerer? Desse to hovudutfordringane heng saman. Militærvesenet fører til store skadar på klima og miljø. F-16-flya, som slepte bombene over Libya, brukar over 3000 liter drivstoff i timen. Dette tilsvarer det ein amerikansk gjennomsnitts-bilist brukar på tre år. I 2015 brukte Forsvaret 85 000 000 liter drivstoff. Pentagon er det “selskapet” i verda som har det største forbruket av olje. Men USA fekk forhindra at militærvesenet kom med i verdas klimarekneskap.
Det kunne vore interessant å få vita kor mykje drivstoff som vart brukt under den store militær-øvinga Trident Juncture. Elles har nå Forsvaret begynt å betala erstatning for skadar øvinga påførte utmark og jordbruksjord. Det blir ikkje få millionar. Hevinga av “Helge Ingstad” vil nok også kosta nokre kroner.
Erna Solberg har uttalt at det er ein del av demokratiet også å løyva pengar til organisasjonar som ein er ueinig med. Men dei to siste åra har Regjeringas forslag til statsbudsjett ikkje hatt noko til støtte for fredsorganisasjonane. Takk vere Krf og V har det likevel kome noko. For 2019 har budsjettet ein post på 6 millionar til fredsorganisasjonane. Dette er ikkje så imponerande når ein samanliknar det med løyvinga til organisasjonar som arbeider med forsvar og sikkerheit. Desse får nemleg heile 59,5 millionar.
Alle parti vil at Norge skal halda fram med å dela ut Nobels fredspris; det gir jo prestisje. Dei vil også gjerne at Norge framstår som fredsnasjon. Men dette ryktet begynner kanskje å bli litt “frynsete” nå? Ei klok dame har sagt: ”Dersom våpen var løysinga, ville me hatt fred for lenge sidan”.
Kjære Ingegerd !
Du er så flink ,kunnskapsrik og klar i din framstilling . Folk har lest innlegget i Klassekampen og skrytt av deg !