Av Audgunn Oltedal

Frå FN vart skipa, med underskriving av FNs Charter (1945), og FNs menneskerettar vart vedtatt (1948), har FNs verdigrunnlag og mål om å ‘opprettholde internasjonal fred og sikkerhet’, vore ein del av vårt samfunn si sjølvforståing som nasjon.

Det internasjonale arbeidet for fred er ryggsøyla i IKFFs arbeid. Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF), Women’s International League for Peace and Freedom (WILPF), vart til under fyrste verdskrig (1915) i protest mot krigens gru. Organisasjonen har observatørstatus i FN.

No er Noreg valt inn i Tryggingsrådet i FN for to år (2021-2023). Korleis vil Noreg bruke si røyst her? For IKFF er tre område i FNs fredsarbeid særleg viktige: Fremje fred med fredelege middel, få kvinner med i fredsprosessar, bruke medlemskapet til å slåss for trygg migrasjon og human flyktningpolitikk.

Fremje fred med fredelege middel

Gjennom medlemskapet kan Noreg aktivt arbeide for å fremje fred med fredelege middel, og støtte FNs handlingsplan for fredskultur. Med feste i FN-paktas artikkel 26 må Noreg i Tryggingsrådet slåss for nedrustning og for å hindre eit nytt våpenkappløp, og arbeide for å innarbeide militærets fotavtrykk i klimamål og klimakamp (ein reduksjon i militære kostnader på 10 % kvart år vil gjere det mogeleg å realisere FNs bærekraftsmål og FNs Parisavtale om klima). Noreg må bruke medlemskapet i Tryggingsrådet til å underskrive og ratifisere FNs atomvåpenforbod, og arbeide for å revidere tryggingsomgrepet. Det inneber m.a. å ta lærdom av det som skjedde i Libya, og ikkje bruke militær intervensjon i FN-regi, prioritere deltaking i FNs fredsbevarande styrkar og ikkje delta i NATO-krigar utanfor eige geografisk område (‘out of area’).  Å gje aktiv støtte til palestinarane sin kamp mot Israels annektering av Vestbredden, blir ei viktig sak i Noregs arbeid i Tryggingsrådet.

Få kvinner med i fredsprosessen

Noreg har vore pådrivar for å fylgje opp resolusjonen som Tryggingsrådet vedtok i 2000 om ‘Kvinner, fred og tryggleik’ (SR 1325), som legg vekt på at kvinner skal med i fredsprosessar på lik line med menn. Noreg må bruke si røyst i Tryggingsrådet til å fylgje opp erfaringane frå kvinners deltaking i fredsprosessar, m.a. i Colombia. Forsking viser at når kvinner er inkludert i fredsprosessen, er det større von om at det blir varig fred. Kampen mot barneekteskap må enno høgare opp på dagsorden i Noreg sin FN-innsats for kvinners rett til utdanning. I dag opplever mange kvinner i Europa eit backlash i kampen mot vald og for likeverd og likestilling. Europarådets konvensjon (2014) om å førebyggje og kjempe mot vald i nære relasjonar (Istanbulkonvensjonen), blir motarbeidd i fleire land. Noreg må difor – meir enn før – bruke si røyst i Tryggingsrådet til å slåss for kvinners grunnleggjande rettar til liv, helse, utdanning og til å delta i samfunnet på lik line med menn. 

Human flyktningpolitikk og trygg migrasjon er fredsarbeid

Tryggingsrådet har ei viktig rolle når det gjeld å løyse flyktningkrisa og sikre trygg migrasjon. Det vektlegg FNs høgkommisær for flyktningar, Filippo Grandi. Han ber Tryggingsrådet  finne svar på denne krisa ‘i ei tid då språkbruken om flyktningar blir stadig verre’, og legg til at «Dersom vi kan forebygge eller løse konfliktene, vil de fleste flyktningestrømmer forsvinne. Vi ser framleis at vi har veldig fragmenterte tilnærminger til å oppnå fred, og veldig utilstrekkelige tilnærminger til å bygge fred» (tale til Tryggingsrådet 8.5.19). Asylretten (artikkel 14) og retten til å reise (artikkel 13) er nedfelt i FNs menneskerettar. I Tryggingsrådet må Noreg aktivt støtte FNs politikk på felta flyktningpolitikk og migrasjon. Det betyr m.a. å fylgje opp dei krav og tilrådingar som kjem frå ulike FN-organ; løyve meir pengar til flyktningar i nærområda, ta imot fleire kvoteflyktningar, ta imot flyktningar og migrantar som blir berga av norske båtar, og slutte å returnere asylsøkarar til land herja av krig og konfliktar.

På heimebane kan regjeringa, om ho vil, fylgje oppfordringa frå Filippo Grandi, og aktivt bruke medlemskapet i Tryggingsrådet til å endre haldningar i opinionen, og medverke til at menneske som er flyktningar og migrantar blir omtalt med forståing, velvilje og respekt.

 

 

Tagged with →  
Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *