Av Eva Fidjestøl
Vi lever i ei tid då dei fleste land som satsa tidleg på atomkraft har komme inn i ein periode med nedbygging. Dei fleste reaktorane som er i drift i dag blei bygde for ei levetid på 30-40 år. I 2018 var gjennomsnittsalderen til verdas reaktorar 30 år og i atomland nummer ein, Frankrike, over 33 år. Dekommisjonering (nedbygging) av ein atomreaktor tar lang tid, er dyrt og endar opp med store mengder radioaktivt materiale. Dette må sorterast etter innhaldet av radioaktivitet og lagrast og deponerast etter om det er låg-, mellom- eller høgradioaktivt. Det farlegaste avfallet, det brukte brenselet, må lagrast i eit deponi der det kan ligge isolert frå miljøet i fleire hundretusen år.
Også i Norge har vi slike problem, sjølv om vi aldri har satsa på atomkraft, men berre drive med atomforsking. I 2015 fekk Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utarbeidd to rapportar som handla om nedbygging av dei fire norske reaktorane, trygg oppbevaring av det norske brukte reaktorbrenselet og anna radioaktivt avfall.
Norsk nukleær dekommisjonering
I 2018 blei det oppretta ein ny statleg etat, Norsk nukleær dekommisjonering (NND), som fekk som oppgåve å planlegge og leie nedbygging av dei norske reaktorane på Kjeller og i Halden og behandle og lagre alt det radioaktive avfallet. Arbeidet er berekna å koste 20 milliardar NOK og for 2020 er det løyva 638 millionar NOK i statsbudsjettet.
Referansegruppe
NND skal leie arbeidet med ei styrd avvikling av norske atomanlegg og bidra til sikker handtering av alt nukleært avfall – til det beste for framtidige generasjonar. Dei ønskjer ein open prosess med ein god dialog med sivilsamfunnet og interesserte grupper. Derfor har dei oppretta ei nasjonal referansegruppe med representantar frå organisasjonar som har som oppgåve å gi innspel til NND i arbeidet deira. I denne gruppa er IKFF representert ved Åse Berg og Eva Fidjestøl. Oppgåva vår består av førebuingar, deltaking og etterarbeid i forbindelse med møta i referansegruppa, 2-3 gonger i året. Vi har og som oppgåve å arbeide sjølvstendig med dette stoffet mellom møta, delta i den offentlege debatten og informere innan vår eigen organisasjon, både skriftleg og munnleg. Vi har fått økonomisk støtte frå NND til dette arbeidet og får dekka utgifter. Andre organisasjonar som er med i referansegruppa er: Natur og ungdom, Naturvernforbundet, Bellona, Nei til atomvåpen, Leger mot atomvåpen og Miljøvernforbundet.
Draumen om atomkraft i Norge
Institutt for atomenergi (IFA) vart oppretta alt i 1948. Norge hadde ei gruppe atomfysikarar og ingeniørar med gode internasjonale kontaktar og stor kunnskap, og startkapital frå Forsvarsdepartementet på fem millionar kroner. Då den norske regjeringa bestemde seg for å bygge ein atomreaktor, og JEEP I starta på Kjeller i 1951, var Norge det sjette land i verda , etter Canada og dei fire atommaktene USA, Storbritannia, Russland og Frankrike, som satsa på denne teknologien.
I starten var det store planar om kva atomenergien kunne brukast til. Det var mellom anna snakk om atomdrivne bilar og skip, men trass i store forskingsmidlar over mange år, klarde ikkje IFA å realisere desse draumane. På 1970 talet voks atomenergimotstanden og etter energimeldinga av 1979, var kjernekraftsaka lagt død i Norge. På Kjeller var JEEP I i drift til 1966, NORA i perioden 1961-68 og JEEP II i perioden 1967-2019.
Haldenreaktoren
IFA hadde og ansvar for drift av reaktoren i Halden som starta opp i 1959. Reaktoren blei brukt til forsking ved sida av å levere prosessvarme til Saugbruksforeninga.
1980 vedtok Regjeringa nye retningslinjer for IFA som også fekk nytt namn, Institutt for energiteknikk (IFE). Forskinga vart utvida til å gjelde mange andre energiformer, som sol og olje, men atomforskinga ved Halden-reaktoren heldt fram i form av samarbeid med 20 land gjennom det internasjonale Halden OECD-prosjektet. Dei siste åra har IFE hatt 650 tilsette og 130 av desse har arbeidd ved Haldenreaktoren.
Atomforskinga i Halden har segla under flagget atomsikkerheit og det blei påpeikt at forskinga der skulle styrke den norske atomberedskapen. Føresetnaden for at Stortinget støtta IFE økonomisk i alle år, var at prosjektet også skulle styrke atomsikkerheit i Øst-Europa og Russland. IFE har forska på ulike typar reaktorbrensel, også MOX (mixed oxide fuel) og thorium, og på ulike typar reaktorkomponentar. Målet var å få til høgare utbrenning på brenselet, forbetre økonomi og tryggleik og forlenge levetida til reaktorane.
Kritikken IFE har møtt frå miljøorganisasjonane og Bellona gjennom fleire tiår har peika på at det har gått meir forskingsmidlar til atomenergi, som Norge ikkje har planlagt å satse på, enn til alternativ-fornybar energi. Denne forskinga har og ført til livsforlenging av gamle russiske atomreaktorar, som er med på å auke faren for ulukker nær Norge. Det eksisterte forskingssamarbeid mellom Sellafield og miljøet i Halden på same tid som store folkedemonstrasjonar i Norge protesterte mot dei radioaktive utsleppa frå reprosesseringsanlegga i Sellafield. Gjennom forskinga i Halden og på Kjeller har Norge støtta den internasjonale atomindustrien, og det brukte atombrenselet frå så mange års drift har blitt eit problemavfall som ligg uforsvarleg lagra. Det har lenge blitt stilt krav om at dette langliva radioaktive avfallet må lagrast trygt.
Og endeleg er tida kommen. Planlegging av opprydding etter norsk atomforsking har starta. Vår organisasjon støttar dette arbeidet og meiner at det er vi som lever no som må starte denne oppryddinga, og ikkje overlate det til kommande generasjonar.
Hei, veldig bra artikkel, men overskriften ble vel litt feil. Det skal være Nedbygging og opprydding.