UTTALE FRÅ WILPF-USA OM DET FORFERDELEGE BOMBEANGREPET FRÅ USAs FLYVÅPEN MOT LEGER UTEN GRENSERs SIVILE HOSPITAL I KUNDUZ I AFGHANISTAN 3.OKTOBER 2015
Vi, den Internasjonale kvinneliga for fred og frihet, USA-seksjonen, fordømmer USAs forferdelige bombing av hospitalet til den Nobels fredsprisvinnande humanitære organisasjonen, Leger uten grenser ( Medecins sans frontiers, MSF) i Kunduz, Afghanistan, 3.oktober 2015. Bombinga drap ti pasientar og tolv MSF-tilsette og såra mange fleire pasientar; mange dagar seinare var det minst trettifem andre ein ikkje kunne gjera greie for. USA-utg. av den britiske avisa The Guardian rapporterte at” Tre barn døyde i luftangrepet som kom i mange bølger og brende pasientar levande i sengene sine.” WILPF-USA fordømmer sterkt dette blodbadet, der sivile er offer, noko som understrekar at krig ikkje er selektiv i øydelegginga av liv.
Igjen, ifølge. The Guardian: «Luftangrepet på hospitalet er blant dei verste og mest synlege tilfella av sivile dødsfall forårsaka av USAs styrkar runder den 14-årige Afghanistankrigen, som Barack Obama har erklært for over.» Det vert rapportert at plasseringa av hospitalet var godt kjent, og at hospitaltilsette informerte militærpersonell frå USA om bombinga mens den pågjekk, men offentlege kunngjeringar frå USAs militære har variert mellom at bombinga var ein «feil» eller «tilleggsskade» (collateral damage) i krig.
WILPF-USA er opprørt over at øydelegginga av eit sjukehus, ein trygg plass, så lettvint er blitt klassifisert som «collateral damage» av «ein (colonel) Brian Tribus, talsmann for USAs styrkar i Afghanistan.»
Den fjerde Genèvekonvensjonen av 1949 etablerte spesielt vern for sivile og sjukehus mot krigshandlingar; oppfordringar har kome om tiltak mot USA og dets militære med tilvising til denne konvensjonen, og denne Guardianartikkelen antydar at regjeringane i USA og i Afghanistan alt kan ha innrømma at dette er krigsbrotverk.
Vår solidaritet går til familiane til dei sakna, dei såra og dei døde, til MSF, det afghanske folket, til alle offer for dette krigsbrotverket. Vi fordømmer denne volden!
Vi, WILPF-USA, går saman med andre i det internasjonale samfunn, inkludert WILPF-England og MSF og foreslår følgjande:
- Å etablere ein uavhengig granskingskommisjon i samsvar med Genèvekonvensjonen og under leiing av den uavhengige «Internasjonale, humanitære faktafinnande kommisjonen» (IHFFC)
- USA viser godvilje ved å gjera all informasjon vedrørande bombinga tilgjengeleg USA avvæpnar og gjer slutt på alle aggressive handlingar som forsterkar krigen i området
- USAs regjering og militære tar ansvar for dødsfalla til sivile i staden for å definere handlingane som førte til dødsfalla, som «feil!»
- USA aksepterer dei dødes menneskelege verdighet i staden for å definera dei som «tilleggsskade».
Oversatt av IKFF Sandnes, november 2015