Intervju med Norges fredsminister
H. Ekehaug – desember ’23
Det må vera like høg prioritet å førebu oss. på fred som å førebu oss på krig. Kvar enkelt av oss må øva på fred i det små og kvardagslege, slik siste fredsminister påpeika.
- Korleis definerer du fred?
-Fred er ikkje berre mangel på krig eller mangel på fysisk vald! Fred er å kjenna seg
trygg, akseptert og ha ei kjensle av å høyra til! Slik sett er det i grunnen mange som lever i
ufred, sjølv her i landet. Dersom born veks opp med fred i heim, skule og nærmiljø, så vil
kvar enkelt ha ein innebygd fredsminister.
- Kva er konflikt?
-Konflikt i seg sjølv er ikkje negativt, men ei kjelde til læring og utvikling som startar med å
kjenna eit ubehag. Dersom me medvitslaust blandar saman sak og person går det mot
sorg og smerte.
- Korleis øva på fred i konfliktar?
-Me må vera medviten på våre eigne kjensler og gje plass til andre sine kjensler.
Våga det usikre og sårbare, som er naudsynt for å setja sunne grenser for oss sjølve. Å
møta andre sine grenser er sårbart og kanskje skamfullt, dette må me våga å stå i
og ikkje skulda på den andre for å ha grenser. Her er utfordringa å visa empati og
aksept både for den andre og seg sjølv. Å lytta med interesse og medkjensle for
den andre, sjølv om me er ueinige eller det den andre seier er beint fram feil, er
naudsynt for å koma til ein stad der me ser etter løysingane. Først adressera begge sine
kjensler og behov, deretter saka og løysingane. Då kan konflikt føra oss til
kreativitet og fellesskap.
- Kva konkrete tiltak skal du i gang med?
-Lokalt vil eg byggja vidare på det som er bra. ‘Trygg start’ er eit opplegg
jordmortenesta i Øygarden kommune tilbyr for vordane og nybakte foreldre. Det er eit for
trongt nålauga for å få tilgang på dette tilbodet. Eg vil i første omgang leggja til rette
for at alle foreldre kan få ein ‘Trygg start’. Deretter gje tilsvrande
tilbod for alle, fordi det handlar om korleis vera menneske i relasjonar.
Internasjonalt vil eg senda alle statsleiarar på tilsvarande kurs!
- Kva film har inspirert deg i det siste?
-Deeyah Khan sin dokumentar – ‘I møte med fienden’ der ho viser interesse for
menneske bak meiningane til folk som meiner at ho ikkje har livets rett.
Her kan du laste intervjuet ned som pdf: