Viss me røystar på parti som fremjar meir konkurranse og auka konsum, er utsiktene dårlege

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Intervju med fredsminister Stephen J.Walton feb’25

  • Kva er fred ?

Fred er iallfall meir enn berre fråværet av krig. Når me lever i fred, lever me i gjensidig tillit til andre, me «vilar i den tillit som skapar världen» som Karin Boye skriv om. På det personlege planet har eg kome fram til kostnadene med å ha tillit til folk og av og til å bli skuffa, er mykje mindre enn kostnadene med stadig å vere på vakt og distansere seg. Dette er ikkje det same som naivitet, me veit at det finst skurkar og folk som vil oss vondt. Men tillit er ein dynamisk prosess der ein lærer, og ein lærer å skilje betre mellom skurkane og dei hine. Så er me med god grunn stolte over at me i stor grad har tillit til kvarandre i Norden.

 

  • Treng med ein fredsminister for å  byggje tilliten ?

Ja, kanskje det trengst eit freds- og  tillitsdepartement for å koordinere og systematisere tillitsbyggjande tiltak i samfunnet. Me møter framande i stor grad som turistar og tenesteytarar. Korleis får me bygt meir likeverdige plattformer for hopehav med dei – i studie- og arbeidsfelleskapar? I det heile trengst likskap for å byggje tillit og fred, ulikskap, ulike ressursar og ulike rettar er ei oppskrift for konflikt.

 

  • Korleis er utsiktene for fred og tillit ?

Det kjem an på kva val me tek politisk. Viss me røystar på parti som fremjar meir konkurranse og auka konsum, er utsiktene dårlege. Konkurranse er symbolsk drap, utsletting av den andre. Konsum er fortrengd angst. Får me meir slikt, får me mindre tillit og meir konflikt. Tillit bør vere eit prosjekt for næring, Fredsminister_feb’25_Stephen J.Waltonkultur, reiseliv, helse, utdanning. No snakkar me om tillit i utdanninga, og motarbeider han i næringslivet og i den valdsbaserte massekulturen. Her treng me endringar.

 

Share →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *